VELYKKA JULEMØTE I GAUSDAL 15.12.08
I tradisjon tur var det også i år julemøte i Gausdal, med informasjon, årsmøte og god julemiddag laga og servert av kokkelinja på Gausdal vgs. På møtet var det ca 50 til bords og god stemning, sjølv om det var ein heilt vanlig mandagskveld!
Julemøtet starta med Årsmøte i produsentlaget Sør leia av Arne Martin Jacosbsen. Det nye styret og den nye valkomiteen vil kome som eiga sak. Deretter presenterete Bjørn Inge Espenes seg sjølv og kva han jobber med. Han er då sjef for Råvare og Logistikk i Kavli/Q, og er sjefen for Produsenttjenesten. Siste økt før maten hadde Tormod Evensen informasjon frå Produsenttjenesten, med m.a ei påminning på kor viktig det er å ha ei ubrutt kjølekjede på mjølketanken. Og sidan vi hadde litt tid til overs før middagen var klar - så tok vi kveldens utloddning før middag! Gåvene var sponsa av Wenaas og det vart mange vinnera - etter mange trekningaer..
MIDDAGEN! 
Her er det eit glimt frå "den andre salen" med langbord - fremst ser vi m.a Tormod Evensen

Bildet frå den andre salen igjen, litt annan vinkel - i bildet m.a Erik Volden.

Bildet frå "hovedrommet" - god stemning og god mat!

Utdeling av avlsdiplom til Erland og Liv Surnflødt - her overrekt av vår lokale Q-GENO kontakt, Thor Morten Lindsø.
Fleire bilder vil kome!
Og middagen smakte fortreffelig - som vanlig! Takk igjen til Gjertrud Klaape og kokkelinja!
Etter middag var det Tor Morten Lindsø som hadde eit kort innlegg om det siste nye frå GENO, samt at det var utdeling av avlsdiplom til Liv og Erland Surnflødt for oksen 10176 Surnflødt. Tilslutt var det Erik Volden som snakka om status Kavli og Bent Myrdahl om status Q.
Mykje god info, mykje god mat og ein tradisjon vi vil ta vare på. Nytt julemøte i Gausdal i 2009!
Vibeke Mo
18.12.08