NY GJENNOMGANG AV HUSDYRREGISTERET OG BREV FRÅ MATTILSYNET
Mattilsynet har gjennomført ein ny gjennomgang av Husdyrregisteret og ein del av storfeprodusentane får brev i posten.
Dette gjeld følgande grupper:
- Besetningar som har søkt om produksjonstilskot for storfe utan å ha storfe registrert i Husdyrregisteret.
- Besetningar der tal storfe i Husdyrregisteret og tal storfe det er søkt produksjonstilskot for, avvik med meir enn 5 dyr. Tala er henta fra søknad 01.01.2007.
- Besetningar som i perioden 01.03.2007 - 31.05.2007 har rapportert meir enn 5 hendingar for seint og samtidig i gjennomsnitt rapporterer seinare enn 14 dagar.
MERK!
Etter følgande melding frå Mattilsynet datert 11.07.07 er det skjedd ein feil hos dei som har fått brev med avvik på følgjande gruppe: "Besetningar der tal storfe i Husdyrregisteret og tal storfe det er søkt produksjonstilskot for, avvik med meir enn 5 dyr. Tala er henta fra søknad 01.01.2007".
Melding frå Mattilsynet 10.og 11. juli 2007:
"I brev som nylig er sendt / er under utsending, har antall dyr i Husdyrregisteret og antall dyr det er søkt tilskudd for, begge pr. 01.01.07, blitt byttet om. Mattilsynet sender nå ut nye brev til desse storfeprodusentane der feilen blir omtala, retta opp og beklaga. Nye brev er under utsending som A-post og skal nå fram til produsentane før førstkomande helg. "
Om du treng hjelp i rapporteringsarbeidet eller til oppretting så ta kontakt med oss i Produsenttjenesten.
Vibeke Mo
Mob 48081329
15.07.07