KSL GRUPPEREVISJON - EIT PRØVEPROSJEKT
Vi jobbar i desse dagar med å få på plass siste detaljer til det nært foreståande prosjektet”KSL-grupperevisjon”.
Q-produsentane i Gausdal har som ein av 5 grupper som har vorte spurt til å delta i utprøvinga av grupperevisjon som revisjonsform. Den andre gruppa av mjølkeprodusenter finn vi i TINE Midt-Norge. Det er forsatt høve til å melde seg på – ta kontakt med Vibeke på telefon 48 08 13 29. Har til no, pr.dags dato fått med ca 25 Q-produsenter frå Gausdalområdet
Prosjektet vil bli gjennomført i tidsrommet 1.november til 15.desember, og i korte trekk på denne måten:
Ei gruppe på mellom 20 og 30 produsenter
1. Formøte/Informasjonsmøte
Ca 1.november – mest sannsynlig på Kommunestyresalen i Gausdal
Heile gruppa på 20-30 personer samlast for gjennomgang av opplegget, her kan du stille spørsmål om sjølve opplegget og om eigenrevisjon generelt.
Deretter blir det oppsett ein timeplan for videre oppmøte for den enkelte deltakar, det dreier seg om 30 minutter enkeltgjennomgang av eigenrevisjon og tilhøyrande dokumentasjon. På møtet deltek 2 stk frå KSL matmerk, 2 revisorer og Tormod, Vibeke og Kari Anette frå Q.
2. Dokumentgjennomgang
Nokre dager/veker etter informasjonsmøtet
Gruppedeltakerane møter igjen, kvar for seg etter oppsett timeplan. Ta med den nyaste egenrevisjon og ein del annen dokumentasjon. Meir info om dette på møtet.
Revisorane bruker ca 30 minutt på å gå gjennom dokumentasjonen og intervjue deg. Om det er fleire i drifta så er det fint om fleire deltek.
3. Revisjon på 5 utvalgte gardar
Tilfeldig utplukk av gardsbesøk, etter internasjonale regler skal det vere kvadratrota av antall medlem i gruppa
Vanlig revisjonsprosedyre.
Deretter:
ü Alle som deltek får ein gjennomført revisjon i KSL-databasa
ü Møtegodtgjersle for tida som er brukt
ü Og: Kvar enkelt er ansvarlig for sine eventuelle avvik!
Q stiller seg svært positiv til å delta på dette prøveprosjektet, og her kan du vere med på å seie di meining om dette er ein revisjonsmetode som fungerer. Og kvifor ønsker KSLmatmerk å prøve ut denne forma for revisjon? Ein revisjon på eit enkeltbruk er ein svært tidkrevande prosess, og tida er inne for å teste ut nye former. Grupperevisjon kan du lese meir om her på KSLmatmerk sine sider: http://kslmatmerk.no/nyhet/2009/ksl_grupperevisjoner
mobil 48081329
vibeke.mo@kavli.no